Tore og jentene

torsdag 18. desember 2008

Avslutning på Fuglereiret!

Da var torsdagen før jul kome, mor og Kjellaug har vore på avslutning på fuglereiret. Tella Eline har også vore der med 1 klasse å hatt julespel om jesu fødsel, ein herleg engel var ho! Det var veldig kjekt, Kjellaug syns det var topp at storesyster var tilstades! ropa og vinka til henne i Englekoret! 1 klasse åt matpakka med oss, Tella Eline fekk eit godt påsmurt rundstykke som mor hadde vert å kjøpt før det byrja så då var ho godt fornøyd! Etter maten gjekk dei tilbake på skulen for å pakke inn resten av gavenen dei har laga til heldige tantar, onklar, morer, farer, bestemorer og bestefarer og fastrer! Eg så trudde at alle gavane var sendt, men nei!! muleg de ikkje har dei før etter jul eingong!
Etterpå hadde vi basar, Kjellaug vant 3 gonger! krus, blomst og nisselue som ho slett ikkje vil ha på seg!:)

Ellers er Alette Marie og Marn-Anne i barnehagen på nissefest- jubelen var stor da me pynta dei i dag! graut skulle dei få, og bare kose seg!

Marn-Anne var Maria i barnehagens julespel på Mandag og kosa seg med det!! leika med jesus!:)
Ellers er det ikkje lenge igjen av vente tida, og vi gler oss veldig! Eg og Tella Eline og Kjellaug tek oss ein tur ut på julegave handling i ettermiddag eller i morgen ettermiddag, kjem ann på når tore kjem heim i dag! Det er alltid seine kvelder rett før Jul!

Håper det er bra med dykk alle samman!
Gud velsigne dere alle, og vente tida som er igjen- at den må verte ei fin tid utan stress, men fylt av glede, og spenning for både stor og små!

stor klem fra ei ustressa ei!

Ingen kommentarer: